fredag 29. juli 2022

Island rundt 1 Reykjavik - Akureyri med turar hist og pist

Pent fjell med drivande skodd. Det blei ein del drivande skodd


Turen hadde vore planlagd lenge, vi skulle dra Island rundt på ringvegen, og starta mot nord. Då vi bestilte overnatting, midt i april, var det slett ikkje lett å få seng alle stader, og senga 
i Egilsstaðir blei grisedyr. Mannen og eg er nemleg for gamle til telt.
Island er "uppselt", altså heilt utseld i sommar.

Ein tidleg morgon 19. juli tok vi ein glisande sjølvi utanfor heimen før vi la i veg på Hringvegur nordover, med godt mot. Motet minka litt etter tjue minutt då vi kom på at vi hadde gløymt å kasta søpla, så vi måtte snu, men starten var rimeleg god.

Første overnatting var Akureyri, men vi skulle både hist og pist før vi kom så langt.

Hist - det første badet - Reykjaskóli

Hist blei besøk på eit museum, eit byggdasafn ved Reykjaskóli.  Fangst av håkarl, den 

haien vi kallar håkjerring på norsk, var ei god inntektskjelde.  Olja blei brukt som lampeolje før mineralolje blei vanleg, og så veit vi jo at dei et deler av dette dyret etter det er gjæra.  Ein kunnskapsrik guide følgde oss gjennom heile museet, absolutt lærerikt. Han snakka stort sett islandsk så vi fekk kjørt oss! 

Men vi var eigentleg ute etter noko heilt anna. Mannen har nemleg ein app, og appar finst det som vi veit, mange av. Nett denne appen syner oss kor det finst heitir pottar på Island, også slike som er  utanfor allfarveg.

Dette var slik eit triveleg lite fot/leggbad, pent steinsett og supert til matpakke og kaffi, men det var djupt nok til å sitja nede i også.

Pist  - Siglufjorður - den siste sildetønna

Siglufjordur, vakker og koseleg liten by
Veit de at det var vi som stod for sildefangst og produksjon av både sildolje, sildemjøl og

Mannen og tønna

hermetikk på Island?
Jodå, det var nordmenn som starta sildeeventyret her, og ein av dei viktigaste stadene var Silglufjord. Der er det eit storveges sildemuseum som mannen og eg vitja. Silda var verkeleg havets sølv. Det blei bygd opp svære verksemder i nord og aust på Island, som vart nedbetalte over nokre år, fortenesta var enorm heilt til silda forsvann. 
Den siste sildetønna, (ho ramla av ein båt på veg frå Noreg til Island på åttitalet), kom over frå vestlandet her i juni, og blei  overlevert museet i ein høgtideleg seremoni.
Nå står ho på museet.
Museet er verkeleg interessant, du lærer om mange sider av utviklinga av sildeindustrien og folka som jobba der.
Siglufjord har elles eit fint museum for musikkinstrument,
eit glæsilegt hotell og god kaffi.



Akureyri



Endeleg duft av ekte syrin!


 - er ein fin by. For oss var han utgangpunkt for tur og overnattingsstad, men den vil vi gjerne sjå meir av.
Nydeleg botanisk hage med koseleg kafé. Eg fekk metta litt av hagelengten min med å gå ikring der. Eg hadde høyrt at syrin skulle finnast i botanisk hage i Akureyri, og etter iherdig leiting fann vi han, Syringa vulgaris, litt pjusk, men dufta slik han skulle, gledeleg gjensyn. Det er rart at det ikkje er denne det er mest av? Den er jo svært herdig.
Også må det vera eit fantastisk kreativt strikkemiljø her, klart eg må tilbake!


Dekorerte søppelkassar i Akureyri





Siste våren på Island.

Fyrste gongen vi fekk Gullfoss i sol!   Siste våren.Nå i vår har eg  teke omtrent fullt studium, og eg som seier eg bare skal kosa meg...  L...