Gluggaveður er ord for dagen. Det er nok eit vidunderleg islandsk ord som seier noko om korleis det er når det er strålande sol, knallblå himmel og du spring ut døra og fluksens held på å frysa deg forderva. Slikt ver som tek seg best ut innanfrå altså, i alle fall om du har vaska vindauga.
Noko anna er kuldaskræfa, ordet høyrest ikkje bra ut, men det tyder rett omsett kuldefeiging eller frossenpinn. Ekte reykjavikingar går med open jakke, kvite joggesko utan sokkar og lue (bare dersom det er kult), vinteren igjennom. Eg kler meg og kler meg, men eg frys.
Fyrtårntur
Mannen og eg drog på fyrtårntur i helga. Klok av skade tok eg på meg den tjukke stillongsen, ikkje den tynne, genser og genser og vinterjakke. Mannen har skikkeleg lopapeysa, men burde hatt skinnvottar, sa han. Eg hadde heller ikkje dei tjukkaste vottane, og måtte uansett ta dei av då eg tok bilete
Dette biletet her til dømes,kosta meg omtrent halve gullebrann og tuppen av langemann. Dei blei kvite og daude, og skreik då det blei liv i dei att .
Det føyka altså snø og sludd over vegen, men vi var på tur for å sjå fyrtårn.
Tre fyrtårn, Islands eldste trehus, ein alvestein og dramatisk natur.
Du kjører sørover frå Reykjavik, retning flyplassen og vidare langs kysten i lavalandskapet. Det var få gode hamner her i gamle dagar, det var eigentleg bare god hamn på Vestmannaeyjar. Fyrtårna var absolutt nødvendige for å leia skip trygt til lands.
Varme kjelder
 |
Varm kjelde Krysuvik |
I denne delen av Island er det mange varme kjelder. Når ein forstod korleis jordvarmen kunne nyttast i jordbruket, blei dette Islands hage. Her vert det dyrka grønnsaker og det er mange drivhus her.
Det var ei utstilling om dette i "Húsið" i Eyrarbakki som opna den dagen. Eg hadde lese om den i Morgunblaðið, der skulle vi innom.
Selvogsviti
 |
Selvogsviti |
er det første fyrtårnet du kjem til. Då vegen blei ein gjørmesti måtte mannen og eg ut og gå. Sa eg at det var kaldt?
Dette fyrtårenet blei bygd i 1919, men er ombygd fleire gonger, det er 15,8 m høgt og fint oransje
Hafnarsviti og Þorlakshafn
Det andre fyrtårnet ligg i Þorlakshavn.
Þorlakshafn er ein av stadene det går båt ut til Vestmannaeyjar. Der har dei bygd opp molo og der er god hamn nå. Dette fyrtårnet fekk vi ikkje noko godt bilete av, Det låg ute på ein pir der det ikkje var tilgang, Google maps sa at vi måtte ut i sjøen for å koma dit, vi gjorde ikkje det.
Men vi fann denne kaféen. Han hadde rett nok ikkje opna ennå, vi snakka med innehaver, grei kar. Dei venta på forskjellige løyve. Men de ser namnet? Kan dette vera ein filial av Bristol i Oslo tru? Er dette staden der utelivet verkeleg kjem til ð ta av i Þorlakshafn? Og kva med stavemåten?
Knarrarósviti
Det tredje fyrtårnet er høgt og staseleg i funkisstil. Det blei bygd i 1938-39 og var lenge den høgaste bygningen på Island med sine 26,2 m.
Då vi kom hit var temperaturen blitt betre, og vottane var akkurat passe.
Stokkseyri - Þuriðarbúð
Her ligg mellom anna Þuriðarbúð, eller Turibua.
Dette er ei rekonstruert torvbu.I slike buer overnatta fiskarane når dei var på vinterfiske. Vinterfiske var i den mørkaste tida på året og varte fram til mai.
Dei som har lese "Gutten" av Jón Kálman Stefansson hugsar nok fiskarbua dei budde i. Og korleis dei rodde ut i mørket i open båt, for å vera på fangsplassen då morgonlyset kom.
Þurið eller Turid var ei kvinne som var kaptein på eigen båt og levde frå 1777 til 1863. Vi kjenner ikkje til så mange kvinner som henne.
Inne i fiskebua ser vi køyene fiskarane låg i. Inst er ein eldstad, det er ikkje pipe, men hol i taket, ljore, der røyken kunne koma ut. Mange torvhus var i to etasjar. På gardane var det gjerne husdyr, sauer og ei og anna ku i første etasje, medan folk budde oppe.
Framfor fiskebua til Turid står det ein alvestein. De ser at vegen er lagt rundt han? Dei flytter ikkje på alvesteinar på Island.
Eg klappa litt på han for lukke og god helse, og prøvde å snakka med eventuelle alvar som kanskje var der, men ingen svarte.
Eyrarbakki og "Húsið"
Eyrarbakki var ein viktig handelsstad i si tid, større enn Reykjavik. Her finn vi altså "Huset". Det er det første trehuset på Island og det blei bygd for det danske handelskompaniet i 1765 av norsk tømmer. Det var bustad for han som var leiar av handelskompaniet, butikk, lager og allslags.
Nå er det museum og då vi var der var det opning av utstilling om utviklinga av jordbruket i den delen av landet: Með mold
á hnjánum (med mold på knea). |
Húsið i Eyrarbakki |
Dette var verkeleg eit mangfaldig,
innhaldsrikt og spennande museum.
Vi åt lunsj på det "Rauða húsið". Forrett var húmarsúpa. Ja, du trur kanskje dette er hummersuppe, men det er altså krepsehalesuppe. Av ein eller annan grunn kallar dei kreps for húmar.
Uansett veldig veldig godt.
Også kjøpte vi grisedyre tulipanar og ein potteplante på veg heim i Hveragerdi. Det er her dei dyrkar blomar. Herifrå drog dei på ski inn til Reykjavik i gamle dagar, med ryggsekken full av avskorne blomar som skulle seljast i butikken.
Vi kjørte heimover på ringen - altså riksveg 1 - som går over Hellisheiði. Denne delen av ringen er ofte stengt og i vinter har det vore ekstra mykje dårleg ver.
Men det gjekk fint med oss, vegen var salta. Og litt vår er det jo i byen. |
Denne katten som eg har helst på fleire gonger fordi han bur på veg til butikken min, gadd sjølvsagt ikkje sjå på meg då eg tok dette biletet. Men eg trur kanskje han ønskjer dykk alle god påske og god vår likevel. Eg gjer i alle fall det. |